Formidlingssenter Tusenårsstaden Gulating

Formidlingssenter Tusenårsstaden Gulating

Forslaget fikk 2. pris i plan- og designkonkurransen

Forslaget er eit bygg som med forma si skal verke samlande. Krysset kan vere ein samlingsplass, ei markering av ein stad, tyde på at her har noko viktig funne stad.

 

Krysset strekkjer seg mot aust og mot vest, mot nord og mot sør, og let himmelretningane og det store landet møtast i bygget. Det tek opp i seg dei typiske retningane i det norske fjordlandskapet: frå hav til fjell den eine retninga og langs kysten i den andre retninga.

Bygget har eit lite fotavtrykk og rører lite ved landskapet. Som eit stabbur som gjer ekstra nytte av ein hardt tilkjempa plass og eit dyrebart fundament, løftar bygget seg over det ulendte terrenget.

Kunsten Bård Breivik har laga i området består av sjølvstendige, geometriske former av stein som alle finn sin plass i landskapet. Bygget går inn i landskapet på same vis: som ei sjølvstendig form i stein.

Krysset lagar fem ”kammer”: fire fløyer og eit i midten. Kvart kammer kan inngå i eit samla, ope rom eller det kan delast av med hjelp av skuvbare veggar. Saman med forblendingsgardinene gjev dei skuvbare veggane rom for å bruke utstillingsrommet på mange ulike måtar og til ulik bruk. Det tenkast at forblendingsgardinene brukast aktivt slik at det ved nokre høve opnast opp mot landskapet utanfor medan det ved andre høve lukkast for å forblende. Forma på salen (dei fem kammera) dei skuvbare veggane og gardinene gjer det mogeleg også å ha fleire ulike aktivitetar i bygget samstundes.

391GUL

Kontaktperson

Ole Henrik Einejord
Mobil: 909 81 197
Email: oe@code.no

Oppdragsgiver

Sogn og fjordane fylkeskommune

Samarbeidspartner

Filer til nedlasting

Andre prosjekter som kan interessere deg: